søndag 6. desember 2009

Bunadsvest.



Eg har starta på og sy Nordfjord herrebunad. Syns sjølv eg er modig, men eg har fagfolk i ryggen som eg kan henvende meg til for råd og hjelp. No skal mentor på 1 vekes ferie til Tyrkia så eg hadde "lekse" til i morgon.. ,som eg no har gjort. Så blir det ny leksjon i morgon. Så eg blir ikkje arbeidslaus med det første.

lørdag 5. desember 2009


Her er en lien julesokk og et lite bilde som skal på langtur , heilt til Afganistan der svigerdatter er for tida. Bilde er laga med decopage, og det frista til å laga meir seinare.
Eg er aktiv på syrommet ..men det er jul snart så bildene kjem etter jul.
Ha ei fin adventshelg alle som kikker innom.

onsdag 4. november 2009

Ut på tur...



Så måtte eg til å sy meg en ny trusepose. Den første eg sydde var brått blitt bursdagspresang. No skal eg ut på tur og da må truseposen vere på plass.

I morgon blir det vinter og snøføre...brrr.. Det har vore kolonnekøyring over Hemsedal idag, så det er berre å håpe at morgondagens ver blir litt bedre.

mandag 26. oktober 2009

Fleire klemmepunger

Det har blitt et par klemmepunger til. Eg liker sånt som er fort å sy, samtidig som det kan brukast. Den svarte med sølvbomster har fått et lyst lila silkefor. Den andre har fått et knall gult for. Eg driv med stoff slanking for full musikk, men minker det...hm.. er ikkje heilt sikker, det virker ikkje slik. Klemm epunger er det visst fleire som har heve seg på. Eg skulle kjøpe fleire klemmer her om dagen, men begge butikkane hadde gått tomme.
Ellers så putlar eg på med et par løpere og div. julegaver.

søndag 18. oktober 2009

Opera helg.

Lørdag var vi og såg "Carmen" av Georges Bizet i den nye opera salen på Nordfjordeid. Den var rein nytelse fra begynnelse til slutt. Når en veit at alle, bortsett fra solistane i dei største rollen er amatører, må en berre ta av hatten for dei. Musikarane er og amtører, men små islett av proffer, og dei kan virklig sine saker. Vi har hatt famile her i helga med overnatting og god mat + et strålande ver. Stort bedre kan vi ikkje ha det.

I neste års opera er librettoen skreven av Are Kalvø og musikken av Helge Førde. Den skal handle om fotball, og berre det er nok til å hekte meg av.

Løper nr 1 ferdig !!!!


Her er den fiks ferdige løperen.
Nr. 2 er under arbeid, og nr. blir
planlagt . Syns den vart fin er.

søndag 11. oktober 2009

løper



Har endelig starta på løparane som eg skal ha på kjøkkendiskane mine. Dei må jo stå i stil med gardinene. Så i dag har eg sydd sammen den første av 3. Den eg no klar til quilting og bakstykke + lukkekant.
Litt lyst bilde, men det kjem no fram korleis den vil bli. Det er meininga at alle tre skal være forskjellige. Skal få brukt opp mest mulig av stoffene eg har kjøpt til dette formålet.

onsdag 7. oktober 2009

Truse pose og klemmepung


Nok en truse pose (dei er blitt uhyre populære).
Denne gangen i litt tynt dongeristoff. Og en koslig ulv i motivet.

Klemmepung var tema på medlensmøtet
igår. Den var fort gjort å lage. Det vert nok fleire slike og

tirsdag 29. september 2009

Kurshelg



Har vore på kurs med Patricia Iden denne helga. Har lært mykje om maskina mi. Vi laga div. stitchery og ting som vi skal ha på cover til symaskina vår. Vi fekk ei svært detaljert forklaring på sjølve coveret, så det skal gå greit å sy.



Er ikkje heilt ferdig med stitcheryet. Har faktisk sydd et nytt fordi eg ikkje var fornøgd med det første. Tenkte eg skulle gjere det skikklig når eg først var igang.

torsdag 24. september 2009

Sybokser


Har hatt ei akutt dille på Lise Bergene sine "Bløte Sybokser" . (trur det er over for denne gangen) Dei er kjekke å ha til alt det tilbehøret som en quilter treng når en er på kurs o.l.

Har brukt av stoff eg har liggande (er blitt flink til det no) og det ferdige resultatet blir alltid bedre en eg hadde trudd i utgangspunktet. Her er resultatet.


Og no er eg blitt riktig flink med glidelås påsying og.

Vi prøver igjen........

Her er dei.. kantarellane som gubben kom heim med på lørdag.

Ingen hjort var skoten, men desse fine soppane som han snubla over heilt tilfeldig gjorde susen.

Grunnen til bilde tullet var berre ei lita godkjenning som mangla. No e vi back i track.

søndag 20. september 2009

Bilde tull

Hadde tenkt å legge inn bilde av nokre deilige kantareller, men eg får ikkje lagt inn bilde.

torsdag 17. september 2009

Et brev i posten....


Det er ikkje så ofte en får brev i posten, så det er like kjekt kvar gong. I dag fekk eg denne helsinga fra Lappetausa. Tusen takk skal du. ha.


Sist eg var på jentetur sendte eg kort til barnebarna. Det var stor stas å få kort i posten så det skal eg gjere oftare.

onsdag 16. september 2009

Små ting










Har prøvd meg på en liten sminkepung. Resultatet er ikkje heilt bra, men det får gå for denne gangen. Er vel litt for lite nøyaktig når det gjeld små kludre ting. Mønsteret er Kimie`Quilts,
kjøpt på Kathrines Quiltestue for mange år siden, den gang en var sprek og sprang Grete Waitz løpet på ei rimlig bra tid. Er begynn å rydde i UFO ane mine, og der kom eg over et førsøk på , sy - skjær- sy sammen - skjær o.s.v. Eit totalt mislykka prosjekt. På første møte i lappeklubben etter ferien var der ei av medlemme som hadde sydd eit fantastisk nydlig sengteppe av kaserte ting. For ei god ide tenkte eg.....leite fram gamle synder og så .. gikk all lufta ut av gamla. Svært få av desse gamle syndene lot seg forene på fornuftigvis. Så ei mørk natt eg prøvde sove , men tankane dei var på syrommet, kom eg på at kanskje eg skulle quilt over heile stykka med vatt og for og sy nokre småtteri av dei. Dette viste se å fungere kjempebra. Så no har eg sydde denne halveis mislykka sminkepungen og har Lise Bergene sin bløte syboks på gang. Så no syns eg at eg er flink : ) Når eg quilter desse ting ser eg på det som ei øvingsprosjekt.









AWARD



Hjertens takk til Flittige Hender for denne awarden.Det er alltid så kjekt å vite at nokon liker den en gjer.

Så skulle eg visst skrive 10 ting om meg sjølv:

1 . Dame, snart 57 år.

2. Er gift med en handy man.

3. Har 3 voksne kjekke karer, som har kver si kjekk kone.

4. Har 3,(snart 4 ) herlige barnebarn.

5. Liker å sitte fram for symaskina.

6. Liker best quilting og strikking.

7. Syns turer i skog og mark er herlig. (når eg først kjem meg ut :) )

8. Er medlem av en quilteklubb og en hobbyklubb.

9. Syns det er kjempe trivlig og komme sammen og sy uformelt.

10. Men aller best er det å vere heime etter ei lang arbeis veke og slappe av sammen med ektemannen.